Velkommen til Fjord Classics 2024 - 2.-6. juli
HomeElias Voll

photo:

perkusjon

Elias Voll

Elias Voll (f. 2000) er ein slagverkar frå Gloppen. Han har base i Oslo, der han går ein master i utøvande klassisk slagverk ved Noregs musikkhøgskule. Han er tidlegare student av Bjørn Løken, Rob Waring og Tom Vissgren, og studerar no under Heming Valebjørg, Christopher Lane og Jennifer Torrence. 

Elias starta å spele slagverk i ung alder, og har sidan vore del av Griegakademiets unge talent og Bergen filharmoniske ungsomsorkester. Han har og delteke på Ungsomssymfonikarane fleire år på rad, seinast sommaren 2023, der han var ein av sju fremtredande deltakarar i ein dokumentar som vart sendt på Hovudscena på NRK. 

Elias er for tida stipendiat på slagverk i Oslo filharmoniske orkester, og er i tillegg aktiv i frilansmiljøet der han jevnleg er vikar blant anna i Kringkastingsorkesteret, Den norske opera og ballett, Oslo filharmoniske orkester og Forsvarets stabsmusikkorps.

Performs in the following concerts:

Welcome to the 2024-festival in beautiful Sandefjord from 2nd to 6th July. Five days with unforgettable music experiences.

EN